|

 |
Ressurspersonar for Lom kommune!
Midt i Ottadalen ligg fjellbygda Lom. Kommunesenteret Fossbergom er eit moderne bygdesenter der dei fleste har sitt arbeid i reiseliv, handel og tenesteyting. Kultur og miljø vert teke vare på og ein set si ære i å kunne tilby tradisjonsrike produkt.Fossbergom står fram som ein tettstad med særpreg, og politikarane i Lom har heile tida lagt stor vekt på byggeskikk og lokale tradisjonar.
Lom kommune er ein av seks kommunar som dannar regionen Nord-Gudbrandsdalen. Samarbeidet om Nasjonalparkriket er ei viktig satsing for utvikling av reiselivet i regionen. Her er mange kunnskapsintensive verksemder og institusjonar som er avhengige av nøkkelpersonar med rett kompetanse for å styrke sin posisjon i marknaden. Kanskje det er deg dei treng?
Har du lyst til å flytte til regionen, no eller seinare?
Ønskjer du å bidra med røynsla di og kunnskapen din?
Om du ønskjer å flytte hit eller ikkje, eller bur her allereie, kan kompetansen din vere med på å styrke næringslivet i regionen. Registrer deg i databasen om du ønskjer vikariat, fast jobb, eiga verksemd eller styreverv.
Ved å registrere din CV i databasen, gjer du den tilgjengeleg for bedrifter og institusjonar i regionen, og dei kan ta kontakt med deg når eit behov oppstår. Du godtek og vilkåra for personvern. Les meir her.
|